Regjeringa vernar i dag (23.6.) 35 nye skogområde i ni fylke. Dei nye naturreservata inneheld mange viktige naturtypar og et stort tal truga artar. Vernevedtaket bidreg til å ta vare på naturen og artane for framtida.
– Skogvern er naudsynt for å sikre og ta vare på det rike mangfaldet i norske skogar. Skogane er heim for nær halvparten av dei truga artane i Noreg. Eg er glad for at vi, med dagens vernevedtak, bidreg til å ta vare på desse artane også for framtida, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.
Skogområda som blir verna i dag omfattar mellom anna spesielt mange område med ulike utformingar av rik edellauvskog. Områda inngår i samarbeidet om såkalla frivillig skogvern, som betyr at private skogeigarar bestemmer seg for å verne skogen mot ein kompensasjon frå staten.
Til saman vart i dag nesten 36 kvadratkilometer nytt areal verna. Om lag 25 kvadratkilometer av dette er produktiv skog.
I Vegårshei kommune gjelder dette følgende områder:
- Vormvik i Vegårshei kommune, Agder fylke
- Nutknuten i Vegårshei kommune, Agder fylke
