Mo og Haukenes krets

Kontaktperson: Heidi Skajå Vefald 93029284

Bilde under viser først gamleskulen i kretsen og under der igjen Friskulen.

Mo og Haukenes krets

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Mo og Haukenes krets

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Mo krins – av Knut Sunde. 

Frå «Ogoskli» 1996

"Eg veit ein stad med skog og fjell og glisne, stille grender.

Ein liten heim i bakkehell mot Vegårs lyse strender.''

Det er Toralf Sollid som skriv slik i eitt av sine dikt. Krinsen der han sjølv vart fødd og vaks opp i, hadde ein stor plass i hugen hans.

Gode tankar har nok dei fleste om fødestaden sin, men kan hende det særpregar Fjordbygdingane (dei som bur attmed Vegår) på ein sterkare måte enn ellers i bygda.

Lengst nord øst rundt Vegår har me altså Mo krins. Kvifor det beiter nett Mo krins og ikkje Haugenes, har ein ikkje fullgodt svar på. Haugenes ligg meir midt i krinsen, her var det skulane vart bygde og her kom og butikk. Men namnet har han frå eldre tider av, då folk kom fjordvegen eller med hest over heia, og då var Mo like sentral, og det var her dei største gardane var. Ja, mange meiner at det har vore busetting på Mo i svært lange tider, og at det tett attmed der Torleif Tveit Mo bur i dag, har vore ein gamal offerplass. Soga seier ikkje noko sikkert.

Mo grenda har to gardsnummer, der Nordigard (gården til Halvor Mo) har det eine, og Sørigard (Nedstauagården til Gunnar H. Seland) det andre. Ja, største­ delen av Haugenes høyrer faktisk og under gardsnummeret i Sørigard, alt unntaken Nedre Haugstøl (garden til Olav Magne Kvisli), som har sitt eige. Det siste gardsnummeret i krinsen er Rommundstadgardane med den øvre (garden til Grunde Vefald) med lågaste nummer.

Men krinsen består så menn ikkje av desse gardane. Nei, i dag har me ei mengd med større og mindre buplassar. Rektignok har ikkje rekrutteringa vare så stor dei siste tiåra, og mange hus er i dag busatt av pensjonistar. Men at krinsen skal dø ut - det er det inga fare med - trur eg!

Knut Johnsen  Kvisli  hugsar  at året før han  slutta skulen, var det 40 bom på skulen, 20 i småskulen og 20 i storskulen. Så mange har det nok ikkje vore verken før eller sidan. Heilt på byrjinga av 1900 talet var det mellom 8 og 14 elevar i skulen. I dag er det bare 4-5 gutar og jenter som tar skulebussen til Myra.

Dei fyrste som gjekk på skule i krinsen, møttest i hei mane. Det var den såkalla ''omgangs-skulen''. Når tid den byrja veit vi ikkje sikkert, men Knut Lunden frå Gjerstad vart tilsett som lærar i Mo og Taxerås krinsar i 1880. Han var ein avholdt lærar og vart verande heilt fram til 1925. Då hadde i mellomtida skulehuset blitt bygd på Haugenes på slutten av 90 talet. Gudveig Mundal frå Sogn overtok så oppgåva, og ho vart verande lenge, heilt til 1960. Berre to år seinare, då Toralf Sollid hadde overtatt som lærar, vart skulen sentralisert til Myra.

Men krinsen fekk to skular ei tid. Etter at den religiøse vekkjinga hadde gått over bygda på siste del av 1800 talet, var Haugenes ein av krinsane der Guds Menighet bygde eigen skule. Det skjedde i 1901 og den heldt på i 28 år. Oline Olsberg var læraren her, og i tillegg til omlag halvparten av barna i krinsen, hadde skulen Dg elevar frå Lindtveit og området rundt. Sama·rbeidet mellom skulane i denne tida var ikkje alltid like stort, men det var heller ikkje dei store kampane.

Då ''storvegen" frå Sundet kom i 1913-15 vart det ei ny tid for krinsen. Før hadde Fjorden vore ein viktig framkomstveg anten det var i pråm eller på isen. Skulle ein gå i land var det bare ridevegar på-slutten av 1800 tallet. Varer vart kløva på hesteryggen om sommaren, frå Tvedestrand eller Myra. Vegen gjekk då frå Moland til Dalane og over til Solberg og Rommundstad. Vidare til Haugenes, forbi Nedre Haugstøl, til Stea, yvre Haugstøl og over heia til Mo.

Sjølv med den nye vegen var fjorden viktig for dei større gardane. Mange hadde mykje skog, og skogen var arbeidsplassen for veldig mange i krinsen både på slutten av 1800 talet og langt utover på 1900 talet. Tømmeret vart hoggen med øks og kjørt med hest fram til Fjorden. Så vart det flåta i store bommar til Høl, for sidan å bli skate på Storelva. Sjølv om skogen framleis er ein viktig næringsveg for folk i krinsen er det ikkje mange som har sitt daglege arbeid i han nå.

Og ingen er det vel heller som brenner kolmiler og sel til Nes Verk eller Eikelands Verk. Tjærebrenning nord for Mo er det og slutt på.

Då gamle Halvor Dalen på slutten av 30 åra flytta delar av saga si frå Uromskreken til Haugenes, byrja ei ny tid i krinsens næringsliv. Rektignok hadde det vore ei gamal vassdriven sag nokre hundre meter lenger sør tidligare, men "Haugenessaga'' gav etterkvart arbeids­ plass til mange. Straumen som kom i 36 (til Romund­ stadgardane først ein del år seinare) gjorde ei sag a,· slik dimensjon mogleg. I dag er ho framleis i drift. men med berre nokre få tilsette.

Nokon arbeidsplass for mange vart det ikkje, men Romundstadsmedane, med Jørgen i 4. generasjon, har blitt viden kjende. Ingen fekk heilt greie på løyndomen med dei gode knivane, men få andre knivar og ljeer har eit slikt ''bet.'' Hestetsko, bom- og kjørehakar vart og smidd på smia i ''Stranna'' - tenk om løyndomen hadde blitt fortalt vidare!..

På Mo var grustaka blant dei største i bygda. Mange lass er  kjørte  ut derfrå, og ei  stund dreiv og gamle Halvor Mo sementstøperi der.

Men reven var meir interessant. I 1929 byrja dei med sølvrev på Mo, som e,in ,av dei første på Vegårshei. Ekspertar vart dei etter kvart kalla. Mykje heider og æresbevisningar er, henta heim til desse gardane der nord i bygda.

Ski- og orvlaginga til Jon Sollid fekk ikkje eit slikt omfang, men jan1men var dei ug ettertrakta.

Noko heilårsverk på treskeverket fekk gamle Stian Mo aldri, men han var fast kjørar der som mange endå hugsar. Ei fellesmaskin som gjekk på parafin og var så . avansert at kornet kom ut i 3 sortar. Etter krigen var det få i krinsen som dyrka korn, og treskeverket forsvann og etterkvart.

Jau, ting kjem og ting forsvinn. Slik og med butikken. Ansgar Lundstøl byrja, seinare overtok Ole Rugnes, før sonen Arthur etter ein del år flytta han til Myra først i 70 åra.

Me nemnde friskulen som eit resultat av religiøs vekking. I det heile har kristendomen prega krinsen sterkt. Gamle Halvor Mo var blant dei ''reisande'' i Guds Menighet. Det same var Ole Øygardslia. Gamle Jon Kvisli skreiv en del og var og redaktør og utgjevar av "Kristelig Budbringer", Seinare Vegårsheiingen. Interessa vart ikkje mindre med Gudveig Mundal. I tillegg til at ho var organist i Vegårshei kyrkje i mange år, var ho svært misjonsinteressert. Dette smitta vidare på elevane.

Religiøse samlingar i heimane var svært vanleg rundt århundreskiftet, seinare kom møta og festane på bedehusa. Det er få krinsar som har to bedehus i tillegg til ein skule. Kvinneforeningane held  på den dag i dag, men noko særleg sosiale samkomer utanom det kristelege har det opp gjennom tida vore lite av. Men behovet synest heller ikkje å ha vore der. Folk hadde naturen, skogen og fjorden - kva meir trong ein av aktivitetar?

 

Krinsen kjem nok som sagt ikkje til å bli folketom, men du kor gildt det hadde vore om dei gamle plassane hadde fått liv igjen. Tenk om det hadde budd folk i Buholta, i Fjellet på Linmoen, på Raudnesmoen, Kjennstranda eller ute på Sudeste! Gardar i Mo grenda. Eller kva med dei gamle plassane på grensene mot Gjerstad ved Vegårsvatn eller Hunsvann? Eller i Nuten? Om det hadde budd folk i Hagane, i Roa, på Lauvøya, i Rennsunda eller Lyngvassdalen? Det hadde blitt mykje folk av det. Og dersom det og hadde vore folk i Bjønndalen, på Jordsøya, på Nordbø, på Lindstøl, Snømyr eller Pøddkjenn? For ikkje å snakke om den siste husmannsplassen i krinsen, Liane. Det hadde blitt folksomt då.

Men nå er det ikkje slik. Mange av dei nemnde plassane ligg i dag øyde, andre ser vi restar etter. Fleire hus i krinsen står og tomme, men fjordbygdingane gir seg ikkje så lett - krinsen døyr ikkje ut - for finare stad enn attmed fjorden finn ein ikkje.

Kjelder: Samtale med Knut J. Kvisli,  Samtale med Torleif Tveit Mo, Vegårshei i Eldre tid av Harald Tveiten og Diverse gamle avisutklipp.

Powered by Cornerstone