Aas krets

Aas-krins

Av Lars Værland (frå Ogoskli 1996)

 

Aaskrinsen ligg i bygdas sydaustre hjørne og har såleis grense både til nåværande Risør og Tvedestrand kommunar. Opphaveleg besto den av to gardar, Aas og Værland. Begge kan føre historia mange hundreår attende, i alle høve til 1400 talet. Seinare gjekk Vierli ut frå Værland. I I 850 åra kom den siste store delinga, då Værland blei delt mellom to brør. I den tida fram mot hundreårsskiftet blei dei opphavelege grensene endra ein god del, mellom anna blei husmannsplassen Langan eigen gard med skog.

Til alle gardane var det ei rekkje husmannsplassar spreidd over heile området. Desse kom til omkring 1700 og seinare, og som ellers i bygda varte denne skipnaden inn i dette århundre. Den siste husmann i bygda høyrde ellers til Aas krins. Det var Emil Lia i Lia under Aas, som hadde kontrakt til midt på 1950 talet. Ingen av dei gamle husmannsplassane har fast busetnad no. Nokre få nyttast som skogs- eller feriehusvære. Då ordninga med bureisingsbruk kom i slutten av 1920 åra blei det i løpet av nokre år oppretta fem nye bruk. Det var Solbakken, Rønnås, Ramsland, Arneheim og Myrvang - 4 har busetnad enno.

Folketalet i krinsen har endra seg  mykje  gjenom tidene. Det var på sitt høgste omkring århundreskiftet eller noko tidlegare då alle husmannsplassane hadde busetnad, men i dei siste 50 år har det etter måten halde seg nokolunde på same nivå.

Næringsgrunnlaget har frå dei tidlegaste tider vore skogbruk, jordbruk og husdyrhald. Forutan tømmer til husvirke og sal, gav dei store skogviddene god tilgang til vilt. Fiske må også nemnast. I heile området finn ein ei rekkje større og mindre elvar, og ei mengd tjenner og vann, som mellom anna ga eit framifrå ålefiske.

Til gardane i krinsen høyrer det lite bakkejord, me11 den som fans blei utn.v, tta til siste skorte. For å skaffe nok vinterfor til det heller store husdyrhaldet, var det naudsynt å hauste graset ein fann på myrane. Å sett opp stakkar var vanleg, men det fans også ein del høybuer ved dei største og beste utslåttane. Tidlegare var lauvsanking ein ikkje uvesentleg del av vintetforet. Skogområda blei ogso nytta maksimalt til beiteland.

I første halvdel av dette hundreåret blei fleire større og mindre myrar dyrka, og med dette tok myrslåtten slutt. I tillegg fekk ein auka dyrka mark med dei fem bureisingsbruka. Tidlegare blei det dyrka ein del kom, serleg havre, men etter siste krig har jorda vorte nytta berre til poteter og grasproduksjon. Husdyrhaldet som var så viktig før, er det no heilt slutt på. Slik forholda er med mykje myrjord og små einingar, er det avgrensa kor mykje ein kan nytte seg av maskinell og moderne drift,  men  grasproduksjon  gir  visse  mogelegheiter. Fram til no har difor ein vesentleg del av graset vorte hausta.

For krinsen som heilhet har skogbruket spela ein stor rolle opp gjenom tidene. Få, eller ingen andre krinsar i bygda, har så mange større og mindre elver og vatn der det var mogeleg å flåte tømmer ned til kjøparane ved kysten. Elvene som ligg parallelle med"kort avstand imellom, var godt utbygde med dammar, slik at vatnet blei tatt godt vare på og gjorde det mogeleg å flåte sjøl i mindre bekker.

Eit sertrekk er det at området soknar til to vassdrag. Heile Aas og noko av Værland og Vierli leverte tømmeret til Skjerkavassdraget som renn ut i Storelva ved Lunde og derifrå til vestre del av Songevann. Resten av Værland og Vierli måtte sende tømmeret i motsett lei til Lille Eksjø i Nærstadvassdraget som har utløp i austre del av Songevann.

Sagbruk var og ein viktig del av skogutnyttinga. Ved Aas var det sag ved Aasvassdammen. Den var i drift langt fram i dette århundre. Så vidt ein veit var det ikkje sagbruk i Værland, men ein må rekne med at. tømmeret frå Værland og ein del av Vierli blei skoren på sagene ved Lille Eksjø. Der har det vore sager i fleire hundre år. Det meste av tømmeret frå Værland og ein god del frå Vierli var det naturleg å flåte dit, og dern1ed var ogso ein vesentleg del av vegen til sjøen gjort. No er flåtinga berre historie. Skogs- og bilvegar har tatt over rolla som transportvegar. I dei seinare år er det              bygd skogbil-og traktorvegar slik at ein vesentlig del av området kan drivast med moderne utstyr.

Som ellers i bygda var kolbrenning ei viktig attåtnæring. Ennå kan ein finne spor etter dei mange kombånnane som blei nytta. Dei ligg spreidd over heile området og fortel om stor aktivitet. Det var Nes Verk som var avtakaren frå alle gardane. Den siste mila blei brunne på Værland omkring 1943-44 for å skaffe eige kol til vedgassgeneratorar. Tjærebrenning har og vore vanleg for å skaffe tjære til bevaring av reidskapar og hus.

Ingen av gardane har vore i Nes Verks eige.

I nyare tid kom det sagbruk på dei tri største gardane. I Aas og Vierli var det helst snakk om gardssagbruk som foredla eige tømmer og noko leigeskur, medan saga på Værland hadde eit noko større omfang. Den blei bygd sist på 1920 talet. Nokre år seinare kom ein høvel i bruk. Materialtørke kom ogso til. Denne verksemda ga fast arbeid til 5-6 mann gjenom dei vanskelege 1930 åra, og ei mengd hus både i bygda og nabodistrikta er ført opp av materialer frå Værlandssaga. Sist på førre hundreåret blei           det sett i gong     drift etter rutil i Fagerliknatten like opp for Hola. Malmen blei fra ta ned til Vaskeriet ved Værland og reinska der. Enno er det mange spor i terrenget etter denne drifta som hadde eit ganske stort omfang. I skogområda i krinsen er det ellers mange merke etter rutildrift.

Frå gama! tid sokna krinsen til Tvedestrand som næraste by. Stiane gjekk i fleire liner ned til Skjerkholt og Lunde, men det var og ganske mykje ferdsel ned til Rød i Søndeled, i alle fall frå den austre delen av krinsen. Frå Værland og Vierli gjekk vegen til Myra om Dåbu, Bjønnhiåsen og Dåbudammen til Kroken. Mellom Dåbudammen og Kroken Jigg det gamle fornminnet Verslet, der det ein gong skal ha gått føre seg eit drap. Det heiter at alle son1 går attom denne staden må kaste stein på røysa. Like ovanom Dåbudammen er det ein stad som heiter Værlandsvadet. Austover mot Nærestad gjekk det og fleire stiar.

Først på 1920 talet blei det store endringar i kommunikasjonane i krinsen. Då fekk gardane skikkeleg vegsamband og elektrisitet. Tidlegare gjekk det ein kjerreveg frå Værland til Vierli og vidare ned til Akland, og frå Aas til Midtbø. Ut over dette hadde folk berre gongstiar og ridevegar å halde seg til. Telefon hadde nokre av gardane fått tidlegare.

Fram til 1891 fekk boma si tilmålte undervisning i omgangsskule, men då blei Hola skule skipa som friskule. Eit par år tidlegare blei Guds Menighet på Vegårshei skipa med Knut Aas som leiar, og dette førte med seg at praktisk talt alle i krinsen slutta seg til den nye menigheten og i neste omgang til at gardeigarane gjekk saman om å bygge skulehuset som no står i Vegårshei Bygdetun. Etter vel tretti år blei skulehuset overteke av kommunen.

Tidlegare må ein rekne med at det var ein del foreningsvirksomhet, og då først og fremst med kristent formål. I nyare tid har krinsens folk teke del i foreningsarbeid på Nærestad og i Myra. Dette gjeld også for ymse ungdomsaktivitetar og idrett. Eit anna svært viktig sosialt tilhøve må nemnast, nemleg bedarlaga. Den gamle skikken med at alle som budde innanfor eit bestemt avgrensa område skulle bedast til store hendingar som brudlaup og gravferder, var levande like fram til siste krig. Ein gard hørte som oftast til fleire bedarlag. Værland og Vierli som ligg i den austre delen av krinsen, høyrde inn under bedarlaga til gardar i Nærestadkrinsen. Likeeins var Aas med i andre bedarlag i aust.

Krinsen har opp gjennom tidene fostra fleire personIegdomar, og i nyare tid er det tri som skil seg ut. Det er Knut Aas som var drivkrafta bak skipinga av Guds Menighet på Vegårshei. Som forkynnar var han kjent i vide krinsar. Torjus Værland markerte seg sterkt både som sagbruksmann og politikar. Han engasjerte seg i fleire sagbruk i distriktet, og blei seinare stortingsrepresentant og statsråd - seinast som direktør for Hypotekbanken. Julius Grasaasen markerte seg også som politikar og stortingsrepresentant, men det er kan hende arbeidet som førte til skipinga av Vegårshei Bygdetun - Julius Grasaasens samlingar, som står sterkast fram. For dette blei han tildelt H.M. Kongens Fortjenestemedalje.

Skulle en seie noko spesielt om denne krinsen, må det bli at den har vore prega av eit uvanleg godt samhald naboane imellom og slik er det framleis.

--------

Bildet under er av Hola skule slik den står på Bygdetunet nå.

Aas krets
Powered by Cornerstone