- Info
- Foreninger
- Kretser
- Næringsliv
- Kalender
- Lyd/Billed
- Diverse
Nærestadgrenda fyller ut det sør-austre hjørnet av bygda og grenser både til Gjerstad og det gamle Søndeled, nå Risør. Busettinga på Nærestad, Simonstad og Slettås er svært gamal, og desse hørte til storgardane i bygda, med Nærstad som den største. Opp gjennom åra er den opphavelege Nærestadgården delt i mange bruk, noko som mellom anna har ført til ein del teigblanding. Olimstad og Bakken hører og til krinsen som var grunnlaget for den faste skulen.
På grunn av oppdelinga i mange større og mindre bruk, har krinsen hatt eit etter måten stort folketal, slik at det gjenom mange år var elevar nok til todelt skule. Busettinga har halde seg nokolunde konstant. I dette hundreåret var folketalet på det høgste medan bygginga av Sørlandsbanen gjekk føre seg. På mange av gardane budde det då anleggsfolk med sine familiar.
No (1995) er det busetnad på alle gardane med dlesse unntaka: Østre Simonstad, men der byggast det nå våningshus med tanke på busettinga att, vidare Bjorstemkjær, Lirnyra og Røed. Dessutan er Øvre og Nedre Fossen no bare nytta til feriar. Til gjengjeld er det i seinare tid kome til ti nye bustader. Dessutan er det korne til mange fritidshus rundt Store Eksjø.
Som elles i denne del av bygda er det lite god bakkejord til gardane. Difor var myrslått og lauvsanking ein viktig del av grunnlaget for husdyrhaldet også her. Myrar som låg lagleg til og som egna seg for oppdyrking, er tekne i bruk. Så å seie all dyrka jord blir enno halden i hevd for å gi for til kjøtproduksjon med storfe og sau.
Omkring 1930 fekk krinsen to bureisingsbruk. Det var Vestre Simonstad og Heimdal. I 1936 blei Brekke rydda og dyrka. I dag (1994) bur det folk på dei to gardane på Olimstad, 2 bruk i Bakken, på dei 3 Nærestadgardane, Sletta, Mønekjen, Ødegård, Grasåsen, Espedalen, Myren, Sjøst.ad, Rundholt, Øya, Simonstad og Slettås. Vidare er det bygd tri nye bustader på Nærestad og Sletta, og ein på Olimstad, vestre. I Mjønkjen og Grasåsen er det og bygd nye generasjonsbustader.
Til eigedomane høyrde det tidlegare ei rekke husmannsplassar Bakkane, Øygarden, Østre og Vestre Kleiva, Stebekk, Dalane, Kjenndalen, Riggusøya, RøynetJellmyra og Grandalen. Desse er det for det meste bare minne att etter.
Driftsmåten på eigedomane skil seg ikkje ut. Husdyrhald og skogsdrift ga utkommet. Ei mengde kolbotnar vitnar om stor aktivitet på dette området. Nærestadvassdraget med dei mange mindre sideelvane gjennom området, ga gode driftstilhøve i skogen.
På eit område skil denne krinsen seg klårt ut frå andre delar av bygda, grunna omfattande sagbruksdrift gjennom fleire hundreår. Gamle dokument syner at oppgangsager var i drift i Nærestadvassdraget sist på 1500 talet, altså kort tid etter at denne teknikken blei teken i bruk her i landet. Ein kan rekne med at det var to hovedårsaker til at denne verksemda fekk så stort omfang som tilfellet var. Den eine var at hovedelva og dei mange sideelvane fanga inn store område med god skogsmark. Det andre var at elva baud på mange mindre fossar som var lette å nytte ut. Før elva blei bygd ut med dammar som tok vare på flaumvannet, kunne sagene bare haldast i gong i vannrike periodar vår og haust.
Dei største sagene lå ved Øya i Store Eksjø og ved Saga i Lille Eksjø. Sager har det og vore ved Fossen og Run.holt, og i fleire av sideelvane. Saga ved Øya blei oftast nemd Simonstadsaga. Nærstadsaga låg ved Saga. Den kom i Værlandseige og fekk namn etter det. Ved Fossen og Saga var det med ein del avbrekk sagbruksdrift heilt fram til første del av 1920 åra. Då tok den elektriske krafta over, og etter den tid har det ikkje vore sagbruksdrift i krinsen, med unnatak av ein kort periode med kassebordsag ved Runholt.
I området er det mange forekomstar av mineraler, i første rekke rutil. Den største gruva ligg v.ed Gruvetjennene i Simonstadskogen. Der var det drift heilt fram til siste krig. Elles har krinsen hatt fleire dugande smedar, snikkarar og skomakarar.
Frå gamalt av har det gått mange viktige ferdselsvegar gjenom krinsen, for folk frå øvre delar av bygda som skulle til Søndeled og Risør. Ein av dei mest brukt1e gjekk frå Olimstad og Bakken til Nærestad og vidare til Grasaasen, Espedalen, Fossen. Derifrå over Riggusberga til Moland og Røed. Det var vanleg å nytte sjøvegen ut Sørfjorden til Risør. Den gamle ridevegen blei erstatta med betre veg omkring 1900. Det er langs denne lina vegen ligg i dag.
Krinsen fekk tidleg telefonsamband til sentralen på Akland og den elektriske krafta blei ført fram like etter 1920.
Den faste skulen fekk krinsen omkring 1890, da skulestova blei bygd på ei tomt like ved dei to vestre Nærestadgardane. Sidan krinsen etter måten var folkerik, var skulen to-delt i lange periodar. I 1930 åra blei den gamle skulen for liten, mellom anna på grunn av dei mange barna til jernbanearbeidarane. Den gamle timra blei då flytta til ny og meir velegna tomt på Solnes, og fekk eit tilbygg. Dette var i 1937, og same året blei det bygd lærarbustad like ved. Skulen blei lagt ned i samband med sentraliseringa i 1960 åra. Då blei bustaden selt, medan krinsen tok over skulen som samlingsstad for ymse foreningar og lag. Den blir mykje bruka og er i god stand, takka stor dugnadsinnsats år om anna.
Stor dugnadsinnsats låg det og bak reisinga av eit bedehus i 1929. Så tidleg som i 1894 blei det stifta ein kvinneforening i krinsen. Dette var ein av dei første i bygda. Foreninga var svært aktiv med mange samankomstar både på skulen og i heimane. Den årlege sumarfesten blei kjent vide omkring og samla mykje folk. I ei årekke blei den halden på Austre Nærestad, men etterkvart blei det naudsynt å tenkje på eige hus. Kvinneforeninga har med eit par avbrot, vore i arbeid i over 100 år, og har gjort mykje for å halde huset i god stand. Det blir og nytta av andre foreningar og til private samankomstar.
Eigen butikk fekk krinsen i 1930, då Adolf Myhre. som tidlegare hadde handla i Myra, bygde butikk og bustad like ved bedehuset. Den blei seinare teke over av Torgjerd og Ame Myhre, som dreiv fram mot pensjonsalder.
-------
Bildet under viser det tidligere bedehuset som nå er kretshus,