- Info
- Foreninger
- Kretser
- Næringsliv
- Kalender
- Lyd/Billed
- Diverse
Tidligere skolelokale som nå brukes som lokale for utleie, arrangementer og andre aktiviteter.
Org nr 918 493 905
Kontaktperson: Linda Andersen, Telemarksveien 620, 4985 Vegårshei
Det første ein veit om folk i denne delen av Vegårshei, er at ein av dei mista ei steinøks i Midtvann i Selås ein gong for nokre tusen år sidan. Øksa er ei buttnakka, prikkhogd trinnøks frå 2500 -3000 f.Kr. Så det har vore folk her før oss. Den eldste garden i kretsen er Selås, som skal vere ein av dei elleve gardane i bygda. Husa har truleg først vore der som seinare blei Nordøygard Selås, aust i jordene på Nordgard Selås. Ormshammer er òg ein gamal gard, kanskje frå omlag år 1000 e.Kr. Seinare, rundt 1500, kom Songedalen og Selåsdalen. Endå seinare begynte dei første husmannsplassane å bli rydda, Dal i Ormshammer, Nordøygard austre og vestre i Selås. Garden Austigard Selås blei delt frå Oppistaua Selås i 1731. Nordkjenn blei rydda rundt 1760 og var eit arvegeste i Selåsdalen. Haglia bak Selåsfjekk blei rydda og bygsla i 1840-åra. I Songedalen var fire plassar; Røyseland, som blei rydda på 1700-talet, Songelia, Haugland og Skatmyra, nå Frivoll. Vestigard Selås blei eigen gard 11. sept. 1890, skilt ut frå Oppstaua Selås. På slutten av 1800-talet kom Finsrud og Åsheim, seinare Solbakken, Strand, Heimtun, Nygård og ei rekke andre plassar. Eitt einaste bureisingsbruk var det i krinsen, Fjell, der dei begynte å dyrke i 30-åra.
Sjøl om fleste livnærte seg gjennom gardsdrift var det her som andre stader noko i tillegg. Det har vore drive ei sag på Onnshammer og ei i Eikåsen nær Selås skule, fram til rundt 1900. Etter denne tid vart Våjesaga nytta. Forøvrig var det kvern på Åsheim.
Utover den vanlege gardsdrifta, kan ein nemne at det vart levert enkelte master ti1 skip frå skogane i Selås krinsen. Mastene vart leverte i Tvedestrand. Dette spesialtømmeret måtte vere kvistfritt og vart betalt godt. Desse leveransane vart gjort ved første verdskrigen.
Når skipsfarten er nemnt, kan ein og nemne at fleire på Vegårshei gjorde sine forsøk med å gjøre raske pengar. Også i Selåskrinsen satsa folk pengar på skip, og betalte inn nokre kroner til aksjekjøp. Denne spekulantverksemnda starta etter at avisene hadde reklamert for ordninga. Nokre tapte alt dei hadde satsa då skipet dei hadde aksjar i, gjekk ned med mann og mus.
Selåsbøndene fløta i Raudelva frå Korsvann gjennom Niksjå til Ubergsvann. Dette var privatfløting. Siste gongen det blei fløta her var under krigen. (Ormahammer?) Elles blei tømmeret kjørt til Selås vassenden om vinteren og vidare til stobleplassar på Ubergsmoen om sommaren. Veden blei kjørt til Selåsvatn stasjon. Særleg under krigen blei d.et selt mye ved.
Selås krins blei utskifta rundt 1920. Eigedommane blei samla i mye større teigar, og dei ulike rettane blei knytt til områda, t.d. lauvrett og fiskerett. Dei fire gårdane Ormshammer, Mosberg, Selås og Selåsdalen har rett til ålefiske fjerdekvart år i Sagdalen.
Etter utskiftinga b]ei store myrer grøfta og nydyrka. Det blei dyrka fleire slags kom. Komet treska dei heime, med handdrivne treskeverk eller drivne med bensinmotor. I Selåsdalen hadde dei ein kvennkall under Selåsfjell som dei brukte i regnver.
Det er mange kolbonnar i Selås krins. Torvild G. Selås var med og brente kolmiler i begynnelsen av århundret. Kola blei kjørt til Nes Verk. Ein mann omkom under ko]brenning nær Bjortjennene mellom Selås og Kleivane. Rundt 1920 blei det slutt på å levere kol.
Selås krins slo seg aldri særleg på pelsdyr. Nordgård og Lundkvist hadde begge rev i 30-åra. Under krigen blei tidene verre, og dei slutta. I 1980-åra hadde både Nils-Olaf Selås og Oddbjørn Selås rev.
På Selåsfjell har det vore prøvedrifter på jernmalm. Malmen blei rent i trerenne ut for fjellet og kjørt til Nes Verk. I to gruver nær Midtvann har ein tatt ut m.a. kvarts og feltspat. I tillegg skjerpa Jørn Vassenden litt nokre år.
I dette hundreåret har det vore tre skomakarar i krinsen; Lundkvist, Ole Emil Selås og Gunnar Seland. Dessutan var her to skreddarar; Peder Åsheim på Seland og seinare Bjarne Åsheim.
Den gamle Telemarksvegen gjekk gjennom Selås krins over Skrepp til skyss-stasjonane på Ufsvatn og Tveit. Den nye vegen, som kom i 1850-åra, gjorde slutt på den ordninga.
Jernbanen kom til krinsen i 1935. Før den tid måtte ein gå til Ubergsmoen og ta buss til Tvedestrand, eller gå til Flaten og ta Treungenbanen til Arendal, viss ikkje ein ville sykle eller kjøre til byen. Nokre få år gjekk det buss til Simonstad.
Posten bar Nils Varmvik rundt kvar onsdag og laurdag, før det blei postlevering på Selåsvatn stasjon og seinare på Nylund.
Telefonen kom til krinsen omlag 1915-1920. Først var telefonen på Seland, Selås og på Mosberg (og Ormshammer?).
Lars Ripe handla litt på Solbakken. Elles var det ingen butikkar i krinsen.
Knut Tveiten, den siste omgangsskulelæraren, fekk bygd Selås skule, også kalt Tveiten etter Knut, i 1890- åra. Seinare blei skulen lagt ned og elevane flytta til Tangen.
Knut Tveiten og Torvild G. Selås var med og starta ungdomslaget Vegard. Laget hadde møter rundt forbi i bygda, og arrangerte t.d. låvedans på Selås før dei bygde Vegarheim. Ungdomslaget hadde hoppbakke i Selåsfjell, der dei hoppa opp mot 40 meter. Det var og skibakke i Flekåsen, der det var store konkurransar og ein i Selåsdalen, premiebakken, der det var påskerenn.
Olav Selåsdalen var den skarpaste i skibakken. Her var skimerkeprøver på Mosberg og eit lokalt idrettsanlegg der dei ivrige kasta spydet 60 meter, kasta diskos og hoppa lengde og høgde i saksestil. Somme dreiv med orientering. På Vegarheim var det idrettsstemner og skyttarlaget på Rambergstea. Seinare har den vesle grasbanen på Selås samla mange fotballspelar.