- Info
- Foreninger
- Kretser
- Næringsliv
- Kalender
- Lyd/Billed
- Diverse
- Aktuelt
Takserårkrinsen aust i bygda med grense til Gjerstad, er ein av dei største med gardane Bjorvatten, Takserås, Lia, Kvisli og Skollenborg.
Eit godt døme på storleiken er at jaktlaget i 1994 hadde høve til, og felte 27 elg ...
Alle gardane kan føre historia si langt attende i tida. Mykje tyder på at det budde folk her heilt frå vikingetida. Som i andre delar av bygda har det vore mange slekts- og eigar skifte opp gjennom tidene, men likevel har det etter måten vore få delingar av eigendomane samanlikna med fleire andre krinsar.
Busettinga har svinga her som elles. Størst var folketalet fram til omkring 1900, då husmannsplassane var i bruk. Ser ein bort frå at <lesse er lagde ned for lenge sidan, kan ein ikkje snakke om fråflytting av noko omfang. Etter siste krig er det heller komne nye bygg ved Lia, Takserås og Bjorvatten. Den einaste garden som er fråflytta er Skollenborg. I austigard Takserås bur det ikkje folk no (1994), men der er det bygd nytt stovehus som ein må rekne med blir tatt i bruk om ei tid.
Av gardane var det berre Nedre eller Vestre Bjorvatten som ei tid var i Nes Verks eige. Den blei kjøpt attende av slekta på Øvre Bjorvatten.
Busettinga er no slik:
Lia med 6 familiar, Bjorvatten 2 bruk, Takserås 2 bruk og 4 nybygg, NybØ Stutdalen ved Bjorvatten, Skogli, Brattekleiv, Holmvassmyra, Raaas og Kvisli.
I dei seinare år har utanbygds skaffa seg tomter og bygd hytter i tri forskjellige felt. Talet på desse er no oppe i 20.
På høgda ovanfor gardane har dessutan frikjørkemenighetane i Gjerstad, Søndeled og Risør bygd ein ferie og kursstad. Staden heiter Knatten og blir mykje brukt.
Husmannsplassane låg spreidd over heile området. Holmvannsmyra er framleis i bruk, og i Bjelkåsen og Bjønnåsmyra er husa i god stand. Andre plassar var Hallen, der den vidkjente smeden og børsemakaren budde, Dammen, Måsemyra, Bjømedalen, Liane, Nuten Kaldbergnes, Røynefjellmyra, Fisketjennmoen, Orremyr og Rønningen.
Når det gjeld busettinga må ein og nemne den store auken i folketalet bygginga av Sørlandsbanen førte med seg. I ein periode på omlag 10 år, fram til 1936, måtte det skaffast husrom til mange anleggsarbeiderar, mellom dei mange med familiar. I dei gamle husa på Bjorvatten budde det framande i denne tida, og ved Snømyr mellom Bjorvatten og Takserås blei det reist ei brakke. Staden er seinare kalla Bø, etter ein familie som budde der. Ei større brakke sto i austre ende av Bjorvann. Der var det storhushald med kokke som hadde ansvar for matlaginga. Bjorvatn var eigen stasjon fram til først på 50-talet. No er stasjons bygninga og vaktarbustaden berre nytta av feriefolk.
Då ordninga med bureisingsbruk kom i mellom krigsåra, ga dette resultat også her. Aslak Bjelkåsen rudde og bygde Skogli mellom Takserås og Lia, og Olav Bakken gjorde det same på Raas mellom Takserås og Kvisli. Begge bruka er framleis i drift. Brattekleiv blei også rusta opp i denne tida.
Folka i krinsen har som elles i bygda livnært seg av jordbruk og skogsdrift. Eit sertrekk var uvanlig mange store og fine slåttemyrar. Myrslåtten var difor ekstra viktig, noko dei mange høybuene vitnar om. Berging av høyet i stakkar var og vanleg. Det same var sanking av lauv som var eit godt tilskot som sikringskost for dyra. Sjølv om husdyrhaldet no vesentlig berre gjeld kjøtproduksjon på stotfe og sau, blir mesteparten av jorda halde ved like og hausta.
Dei store skog·viddene har gjenom lang tid spela ein stor rolle for utkommet, sjøl om drifta var vanskeleg på grunn av dei lange avstandane fram til kjøparane. Tømmeret måtte under alle omstende flåtast. Dessutan var krinsen delt idet Kvisliskogen og noko av Takserås sokna til Holmvann og Gjerstadvassdraget, medan resten gjekk til Nærestadvassdraget. Inntil før siste krig var det fellesflåting berre frå Ljøsvann. Etter krigen blei den utvida til Kalbergvann. Privatflåtning fram til leveringsstaden var det difor mykje av.
I midten av 60-åra var det slutt på flåtinga og vegtransporten tok over. Bruk av maskinar krevde mykje vegbygging både for traktor og bil. Dette kom etterkvart og nå er det aller meste av skogen tilgjengelig med maskinar.
Ei mengd med gamle kolbonnar vitnar om stor aktivitet på dette området. I likhet med tømmeret blei kola frå Kvisli og delar av Takserås frakta til Gjerstad og Egeland Verk, medan det øvrige blei køyrd til Moland og vidare til Nes Verk. Krinsen var som ein skjønner yttergrensa for levering av trekol til dei to jernverka.Tjærebrenning var det og ein god del av. Noko for sal, men det meste til eige bruk som medel til å bevara bygningar og reidskap.
Vatnsager kom ganske tidleg i bruk. I austre Takserås var ei oppgangsag, og vatnsager vart det og på Bjorvatten, Kvisli og Lia. I Kvisli og Lia blei desse seinare erstatta av elektrisk drivne. Kverner høyrde og gardane til, men no er berre den på Kvisli att. Den er restaurert, og representerer eit verdfullt kulturminne frå tidlegare tiders liv og virke.
Når det gjeld skogbruket må ein rekne med at sagtømmer frå krinsen gjekk til dei, etter måten, store sagene lenger nede i Nærstadvassdraget ved Øya, Fossen og Saga. Dette var priviligerte bruk.
Ved sida av jakta har fiske vore ei viktig attåtnæring. Fisken har halde seg uvanleg godt i vatna som høyrer krinsen til. Også i dag kan ein få aure som det går gjetord om.
I Lia og Bjorvatten ligg det to grafittgruver, der det for 200 år sidan gjekk føre seg omfattande drift. Grafitten der er av det reine slaget som mellom anna blei brukt til blyantar. Drifta tok til omkring 1770 og varte 15 år. På staden blei det bygd pukkverk og nokre bygningar, og etter gamle oppteikninger var drifta lønsam.
Det fans og andre mineral i området. I Hullåsen blei det tatt ut glimmer. Rutilforekomstar var det mange av. Den største ligg ved Gruestautjennene mellom Bjorvatten og Simonstad. Der var det drift like fram til siste krig.
Takserås - Bjorvattengrenda er på mange vis sentral i bygda dersom ein ser på vegsambandet frå gamal tid og fram til i dag. Sidan Vegårshei var anneks under Gjerstad prestegjeld, måtte prestane rett ofte ta turen fra Gjerstad til Moland. Prestevegen er difor eit velkjend begrep med lange tradisjonar. Det finst mange liner mellom kjørkene, men dei fleste gjekk om Takserås. Frå først av var det bare snakk om ridevegar, men seinare blei det bygd kjerreveg. I tjueåret etter krigen blei heile strekninga mellom Moland og Eggdalen bygd om til god bilveg. Denne har framleis namnet Prestevegen.
Ein anna viktig veg gjekk om Lia til Hagelia, Gryting og Sunde. Den er og blitt god bilveg. Lia hadde frå før brukbar veg austover til Sunde ei tid før dette. Kvisli hadde før 60-åra ein brukbar kjerreveg, men fekk no god bilveg. Den første bilvegen til grenda kom likevel så tidleg som i 1914, då vegen frå Bråten ved Ljøstadvann blei bygd. Om arbeidet på denne blei det dikta ei vise som sto i 1994-utgåva av ''De e Ogoskli" Grenda hadde tidlegare endå eit viktig vegsamband frå gamalt. Det var leia frå Haukenes til Nærestad og Simonstad og vidare til Moland, Røed og Risør. Før postrutene blei motorisert, var den gamle vegen mellom Takserås og Haukenes offisiell postveg.
Telefonen kom tidleg i bruk, truleg før århundreskiftet. Tallak Bjorvatten (d. 1913) dreiv rutilgruvene i sør skogen, og ein meiner at han fekk ordna med telefon line til Akland, omkring 1900, for betre å kunne ta hand om drifta. Grenda fekk elles tidleg vanleg telefonforbindelse.
Derimot gjekk det lang tid før den elektriske straumen kom til gardane. Det skjedde først i 1952, og var då sjølsagt ei storhending som endra tilhøva på gardane på mange vis.
Grenda fekk sin faste skule i 1885, altså i den tidbolken då det blei bygd skular i de fleste krinsane i bygda. Den blei lagt ned våren 1959, og sidan har elevene vorte frakta til sentralskulen i Myra. Spørsmålet om sentralisering er likevel mykje eldre enn det. Så tidleg som i 1920 vedtok skulestyret av ein eller anna merkeleg grunn, at skulen på Takserås skulle førast over til Myra. Dette vakte naturleg nok sterke reaksjonar, og på eit grendemøte blei det i sterke ordelag einstemmig vedteke at noko slikt ville ikkje krinsen finna seg i. Det skulle gå nærare 40 år før spørsmålet kom opp att.
Skulestova er i noko utvida stand i dag grendehus, som blir nytta til mange formål. Helselaget har i alle år vore svært aktiv og samla inn mange midlar til viktig helsearbeid. 4H-klubben var i mange år ein møtestad for dei unge. Den er no slått saman med GRO 4H på Nærestad.
Av tilstelningar med lange tradisjonar, må ein nemne sportsgudstjenesta 2. påskedag som samlar mange, også frå grannane i Gjerstad. Helselaget sin årlege basar ved Bjønnåsvann samlar og mange folk kvar sumar. For å styrke samhaldet blir det kvar haust arrangert "Elgfest". Folka i krinsen gjer i det heile mykje for å halda samhaldet grannane imellom.