Hovedbildet er frå starten av Grensejoggen i tuna på Takserås skule.
Vegårshei kommune har gitt tillatelse til riving av Takserås skule med uthus. Tiltakshaver er Jakob Taxerås/Elin Wik og med Vegårshei kommune som ansvarlig søker. Bygningen er på ca 100 kvadrat og ble oppført i 1885 med påbygg i 1952. Bygningen eies av kommunen, har de siste årene vært disponert av kretsen og står på privat grunn.
Nå viser det seg at bygningen er i svært dårlig forfatning. Det gjelder visst både tak, vegger og gulv. Kretsens folk har ikke ønske om å bruke tid, krefter og økonomi på vedlikehold og derfor er løsningen blitt å rive bygget. Så vidt vites er det ikke tanker om å oppføre nytt samlingssted for kretsen som i mange år etter at skolen sluttet har hatt både basarer, juletrefester, gudstjenester og jaktfester her. I mange år var stedet også samlingsplass for den gang Gjerstad og Vegårshei HV område.
Alis Takserås forteller i et notat, en særoppgave fre en god del år tilbake:
"Frå gård til gård er det lange veiar i dårlig stand," heiter det i ei vise ein Takserås-lærar skreiv i si tid. Teksten tyder på at det var ein omgangsskulelærar som skreiv dette i ei oppgitt stund.
Det var ofte lærarskifte på Takserås dei åra Alis var skulejente, og ho minnest dei alle.
- Ein lærar me hadde som heitte Greibrokk og var frå Setesdal lærte oss å klyve i tau, og det var svært nyttig, for då blei me sterke. Me klatra opp og ned tauene omtrent som kattar.
Ein annan lærar var Knut Nilsen Lunden, som budde på Haugenes og var lærar der og. Knut var frå Gjerstad. Han slutta på Takserås i 1919, og eg gjekk for han nokre veker om våren. (Ein førskule, altså.) Eg gjekk der til eg blei lei av det.
-Krinsen hadde skipa til ein dundrans fest siste året Knut Lunden var lærar her. Mange folk var samla, og Knut skulle få ei sølvskei som avskilsgåve. Men Knut kom ikkje, og det var sjøvsagt ein strek i rekninga. Han budde på Haugenes og hadde kanskje vanskelig for å komme fram.
-Ein gong sende Knut Gundine og meg av stad og skulle hente noke "Der nede", og då sa han: "Nå tar dikkon ikkje haste." Han var vel glad for å bli kvitt oss ei stund, kan eg tenke meg.
-Etter Knut fekk me ei lærarinne som heitte Anna Sandnes. Ho hadde Håla skule også og var fjorten dagar om gongen på kvar stad. Det var ei bestemt dame.
-Tallak Lauve, som den gongen budde på Bjorvatten, gjekk ein gong opp på kateteret og hoppa ned. Det gjorde han nok ikkje lydlaust, og lærarinna, som ikkje var langt unna, men ikkje fekk sjå kven var årsak til bråket, snudde seg og spurde nokså opphissa : "Hvem var det som trampet da jeg gikk?!!" Ho snakka nesten dansk, så me kunne ha trunge ein tolk. Men ho fekk ikkje greie på at det var Tallak som hadde gjort det.
Ein vinter hadde me Marie Colbjernsen som lærar, og ho var veldig gild. Men me kunne finne på fanteri for henne og. Eg hugsar me rulla papirlappar som me hadde i munnen og etterpå knipsa dei opp i taket. Der blei dei hengans fordi dei var blaute. Dette var i 1920.
- Så kom Greibrokk, som eg alt har nevnt. Han var her til 1923 og budde hos oss. Ja, Greibrokk var ein grei og flink lærar, og veldig snill mot ungane. Han las mykje for oss, særlig eventyr, og me lærte mange stev frå Setesdal. Greibrok måtte slutte i februar siste året han var her på grunn av sjukdom, og resten av skuleåret fekk me Ole Lauve. Han og Marie var nok dei gildaste lærarane me hadde. Ole sat så blid på kateteret når me leika "sugge" med viskelerball. Ringar streka me opp på golvet med kritt.
- Men Ole blei her som sagt bare ut vinteren, og i neste skuleåret kom Olav Moe frå Lærdal i Sogn. Han blei gift med Solveig Aslaksen frå Ubergsmoen. I 1930 blei han tilsett som lærar på Tangen. Han døydde dessverre svært ung.
Alis slutta skulen i 1926. Av lærarar på Takserås seinare kan me nemne Haakon Ufsvatn, Erling Holskar, Hylje Halvorsen og Knut Aas Holm.
Takserås skule blei nedlagt i 1959 og elevane overført til Myra. I 75 år hadde skulen då vare i bruk, og mange var det som hadde fått si første skuleopplæring her. Men endå fleire var det vel som hadde gått ut frå omgangsskulen i "Bjorvatten Kreds" som namnet var tidligare. Ein av desse var Eiliv Takserås, far til Alis.

